Meny

Ørnes Begravelsesbyrå as
Gammelveien 3
8150 Ørnes

Mail: terjeellen@gmail.com
Telefon: 97020731

Vi står til tjeneste med alt
vedrørende dødsfall og begravelser. 

Hilsen
Terje Isaksen

Søk i sidene våre
Du er her: FORSIDEN>Menighetsblad>Mblad 2004 klipp>Å, eg veit meg eit land

Å, eg veit meg eit land

2011-05-03

Å, eg veit meg eit land

Å, eg veit meg eit land langt der oppe mot nord,
med ei lysande strand mellom høgfjell og fjord.
Der eg gjerne er gjest, der mitt hjarta er fest
Med dei finaste, finaste band. Å, eg minnest,
Å, eg minnest så vel dette land.

 Der eit fjell stig mot sky med si krone av snø,
Og i lauvklednad ny det seg speglar i sjø.
Og det smiler mot strand med si bringa i brann
I den solklåre kveld. Å, eg minnest,
Å eg minnest så vel dette land.    

Denne heim er meg kjær som den beste på jord.
Han mitt hjarta er nær, denne fjetrande fjord.
Og det målande fjell og den strålande kveld,
Hugen leikar på deim. Å eg minnest,
Å eg minnest så vel denne heim.

Og eg lengtar så tidt dette landet å sjå,
Og det dreg meg så  blidt når eg langt er ifrå.
Med den vaknande vår vert min saknad så sår
Så mest gråta eg kan. Å, eg minnest
Å eg minnest så vel dette land!

Powered by Cornerstone